Ny rekord for Røldalsmarknaden

Ny publikumsrekord for Røldalsmarknaden. Foto: Sveinung V. Knutsen
Artikkelen er over 8 år gammel
-Eg trur ikkje er lyg for deg når eg seier at dette må vera ny rekord av dagsbesøkjande, seier marknadsleiar Inge Lynghamar i Røldalsmarknaden til HF.
Han kan registrera rundt 5000 dagsbesøkjande og det er det høgste i ny-marknadens historie. - Derimot har oppslutnaden om kveldsarrangementa vore noko lågare enn normalt, fortel Lynghamar.
Røldalsmarknaden er ein av dei eldste marknadene i Norge. Ingen veit sikkert når den starta, men det seiast at marknaden har røter tilbake til førkristen tid.
Årets marknad, den 18. i moderne tid hadde mangt og mykje å by på. Du kan lesa reportasje frå årets marknad i HF papir/E-avisa onsdag.