Hjartestartar på plass

Hjartestartar: No er ein hjartestartar på plass ved Coop-butikken i Røldal. Fv: Haldis Bratteteig, Vibeke Lynghammer og Roger Lynghamar. Foto: Privat

Hjartestartar: No er ein hjartestartar på plass ved Coop-butikken i Røldal. Fv: Haldis Bratteteig, Vibeke Lynghammer og Roger Lynghamar. Foto: Privat

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Røldal har fått sin første offentleg tilgjengelege hjartestartar.

DEL

Når ein hjartestans inntreff, er tida avgjerande. På veggen utanfor inngangspartiet til Coop Røldal, heng det no ein hjartestartar tilgjengeleg for alle i Røldal, takk vere Røldal Røde Kors Hjelpekorps og Coop Røldal.

Samarbeid

Roger Lynghamar, operativ leiar i Røldal Røde Kors Hjelpekorps, opplyser i ei pressemelding at samarbeidet går ut på at Røldal Røde Kors Hjelpekorps stiller med hjartestartaren, og Coop Røldal stiller med plassering, straum og oppbevaringsskap med lys og varme.

– Røde Kors Hjelpekorps si rolle er blant anna å bidra med beredskap i lokalmiljøet. Me meiner det er eit viktig tiltak å ha ein tilgjengeleg hjartestartar i Røldal, uttalar Vibeke Lynghammer, leiar i Røldal Røde Kors Hjelpekorps i meldinga.

Dei har allereie hatt eit kurs i bruk av hjartestartar og enkel førstehjelp for dei tilsette ved Coop Røldal, og skal i veke 18 avhalde to gratiskurs for dei som ynskjer det i Røldal.

– Når Røldal Røde Kors tok kontakt og ville henge opp ein hjartestartar, var me snare med å seia ja til det, seier Haldis Bratteteig, dagleg leiar av Coop Røldal i pressemeldinga.

Artikkeltags