Nytt oppdrag i fjellet: 14. gang hjelpekorpset rykker ut

Frå tysdagens oppdrag på Seljestad.

Frå tysdagens oppdrag på Seljestad. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag ettermiddag var det ein skadd turgåar som trengte hjelp.

DEL

- Ein uheldig turgåar ved Tjoaminnet hadde skadd seg i foten, skriv Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda Røde Kors Hjelpekorps i ein e-post til HF.

Hjelpekorpset rykte ut med seks mannskaper og ATV. Ambulanse frå Odda deltok også.

- Redningsmannskapene tok seg innover traktorvegen mot Seljestadstølen så langt det lot seg gjere. Deretter på ATV og til fots, fram til pasienten om lag ein kilometer ut i terrenget, fortel Fjeldsbø.

Ho fekk førstehjelp, og blei frakta ned til ATV, for vidare transport til ambulansen og sjukehuset.

Dette var hjelpekorpset sitt 14. oppdrag i år. Den siste veka har dei og hatt to oppdrag til Buarbreen.

Artikkeltags