Riksveg 13 har opna etter at stort steinras stengte vegen

Store steinblokker har rast ut i vegen.

Store steinblokker har rast ut i vegen. Foto:

Av

Like over klokka 12 fredag melde Vegtrafikksentralen på twitter at det har gått eit større steinras ved Lauvvika mellom Nesflaten og Suldalsosen langs rv 13. Natt til søndag vart vegen opna igjen.

DEL

– Entreprenør melder at det ikkje blir opna før tidlegast kl. 23:00 i kveld. Dette på grunn av mykje armeringsjern og større skadar på vegbana enn forventa, opplyste Vegtrafikksentralen laurdag kveld.

Natt til søndag vart vegen opna. Det var snakk om eit stort steinras, rundt 100 breitt og ein stad mellom 50 og 100 kubikk med stein, som hadde rasa ned i vegbana fredag.

Det vart då bestemt at vegen måtte halde stengt ut dagen. Laurdag vart eit klatrelag vert flydd opp i fjellet for å reinska av fjellsida. og seinare starta maskinar oppryddinga i vegbanen.

Omkøyring for personbilar var fv. 520 via Sauda, og for køyretøy over 3,5 tonn via E134 Åkrafjorden.

Artikkeltags