I kontrakten var 29. juni overtakingsdato, men etter forhandlingar mellom prosjektleiing og entreprenør, er denne tidsfristen no utvida.
– Når mengda av arbeid aukar, står det i kontrakten at entreprenøren har krav på noko lengre byggjetid, seier byggjeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen.
Og Vegvesenet og entreprenøren er einige om at det har vore meir arbeid enn førespegla.
Forhandla seg fram
Etter forhandlingar har Vegvesenet og Contexo komme fram til datoen 13. september. Ein dato begge partar ifylgje Nesse kan leva med.
I kontrakten var det lagt opp til dagmulkt dersom entreprenøren ikkje greidde å levera frå seg den ferdige vegen til Statens vegvesen innan 29. juni.
– Vi jobbar mot å få ferdig det meste innan utgangen av juni. Når vi etter kvart får to felt gjennom heile anlegget, vil det verta mindre kork i køen, slik det har vore som fylgje av smale parti i begge endar av anleggsområdet, seier Nesse.
Ifylgje han står entreprenøren på for å verta ferdige. Deira ynskje er å få gjort mest mogleg før trafikken tek seg opp.
Sommarferie med fri ferdsel
Som dei to tidlegare somrane, vil det også denne sommaren bli ein periode med heilt stopp i arbeidet og fri ferdsel gjennom anleggsområdet.
Dei to føregåande somrane har entreprenøren og Vegvesenet tatt tre veker samanhengande sommarferie. Men den komande sommaren er det enno ikkje avklart kor lang sommarpausen blir.
Framover vil stenge- og opningstidene halda fram som ordninga er i dag. Korleis det blir litt lenger fram i tid og til sommaren, utanom sommarpausen, har heller ikkje Vegvesenet og entreprenøren landa på.
Nesse seier dei har erfaring med at trafikkmengda byrjar å ta seg opp frå uti mai månad.
I oktober 2017 informerte Statens vegvesen om behov for 115 millionar kroner ekstra, ut over dei budsjetterte 315 millionane på grunn av særleg utfordrande geologiske tilhøve.