Retten til å tale

Det er på tide at Ungdomsrådet får den plassen i heradspolitikken dei fortenar, skriv Ida Haugen Skulstad.

Det er på tide at Ungdomsrådet får den plassen i heradspolitikken dei fortenar, skriv Ida Haugen Skulstad.

Av
DEL

MeiningarVisste du at pr. i dag betalar heradet pengar for at ungdom skal, i trå med FNs barnekonvensjon og norsk lovgjeving sikra reel påverknad for barn og unge. Likevel så har ikkje ungdomsråda rundt om i Noregs land lovfesta talerett verken i formannskap- og heradsstyremøte.

I den samanheng har Kvam Ungdomsråd gått ut i media og sendt inn eit framlegg for å endre dette, noko me i Kvam AUF er heilt einig med! Eg saman med resten av styret meiner det burde vera heilt sjølvsagt at eit så viktig ungdomsorgan skal ha moglegheita til å tale sine eigne saka.

For det er sjølvsagt at det gjer eit mykje sterkare inntrykk om ein ungdomspolitikar som brenn for saka ein vil ta opp får snakke sjølv, og ikkje ein som berre er blitt den fortalt.

Ungdomsrådet skal gjera at ungdommen vert høyrd, når dei no ber om å bli tatt på alvor er det viktig at dei folkevalde lyttar.

Målet med eit ungdomsråd er jo nettopp å tala ungdommen si sak og foreslå saker som ska betra deira kvardag, kven gjer vel det betre enn dei som veit kva det er snakk om?

Som nemnt skal eit ungdomsråd vera talerøyret til ungdommen i heradet, det er dei som skal få gjennom saker som er viktig for ungdommen. Mange av mine vennar i ulike ungdomsråd trekk fram at det å ha talerett vil auke gjennomslagskrafta og synlegheita. Men det vil og ha mykje å seia for korleis dei vert sett på av politikara og korleis sjølve jobben som ungdomsrådsrepresentant blir sett på.

For det er ikkje tvil om at det ligg makt i å kunna fremja sine eigne saker til dei som sit på makta. Det viser ungdommen at dei blir høyrd og har ein sjanse til å snakka og diskutera direkte med dei som bestemme.

Eit anna poeng er at Ungdomsråd skal fungere som ein del av den demokratiske opplæringa til ungdommane.

Då er det viktig at ungdommen, som om nokre år kan verta heradsstyrerepresentantar, får øvd på å leggja fram saker og vera med i politiske prosessen.

Ungdomsrådet skal gjera at ungdommen vert høyrd, når dei no ber om å bli tatt på alvor er det viktig at dei folkevalde lyttar. Når Kvam no har eit så engasjert og dedikert ungdomsråd så er det viktig at dei folkevalde nyttar den resursen. For det er slik at ungdommen er ekspertar på å vera ungdom, og dei kan bringe andre perspektiv, handlingar og syn inn i den politiske handsaminga.

Det er på tide at Ungdomsrådet får den plassen i heradspolitikken dei fortenar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags