19 konfirmantar skal vera klare til humanistisk seremoni i Odda 29. april. Fylkesstyret i Human-Etisk Forbund ville i haust legga ned tilbodet på grunn av mangel på frivillige.

Etter det tok Silje Heidisdatter Pedersen og Tommy Tverdal ansvar for undervisninga for 2017, og førre veke hadde Human-Etisk Forbund i Indre Hardanger årsmøte, der dei fekk på plass eit styre med planar om eit aktivt lokallag, for første gong på fem år.

Den nye leiaren, Gry Folkvord, fortel at dei har ambisjonar om å tilby noko anna enn berre seremoniar til sine over 200 medlemmar.

– Me har diskutert moglegheitene til å få til litt sosiale aktivitetar. Mellom anna er debattkveldar noko me vurderer, fortel ho.

Debattane skal ikkje vera berre for medlemmer, men eit forum der folk med ulike verdisyn kan møtast.

Tommy Tverdal fortel at det også kan bli aktuelt å arrangere «humanistisk veke», som har vore i Bergen og andre stader.

Markera overgangar

Når det gjeld seremoniar, er dei einige om at det er viktig å ha eit tilbod også for dei utan religiøs ståstad.

– Ein vil gjerne markera overgangar i livet sjølv om ein ikkje er religiøs, seier Per Kristian Eilertsen.

Folkvord peiker på at den humanistiske konfirmasjonskursinga er tufta på grunnleggande verdiar som mange er opptatt av i dag, som menneskeverd og toleranse.

Humanistisk konfirmasjon har fått ein oppsving på landsbasis, og Hordaland har i år rekord med over 900 konfirmantar.

Nestleiar Renate Espe Aase trur dette har å gjera med at unge er meir medvitne på kva dei står for og meiner.

– For mange blir det feil å gå i kyrkja, seier ho.

Gi eit tilbod

– Me vil jobba i retning mot eit livssynsope samfunn, seier Gry Folkvord.

Ho meiner også det er viktig å gi eit tilbod til alle medlemmane dei har. Sjølv om det ikkje var så mange som dukka opp på årsmøtet, trur styret at det vil ta seg opp når folk skjønnar at det er meir aktivitet på gang. Tommy Tverdal legg til at det framleis er ledige plassar på konfirmasjonsseremonien i kinosalen.