(Firda)

Det melder Statistisk sentralbyrå.

I 2022 vart det fødd 51.500 barn i Norge. Det er 4500 færre enn året før, og 1500 færre enn i 2020.

– Auken i fruktbarheita i 2021 viste seg å vere ei enkelthending i det andre året av koronapandemien. Vi er no tilbake til trenden, med ein kraftig nedgang i fruktbarheita, seier Espen Andersen, seniorrådgjevar i SSB i ei pressemelding.

Fruktbarheita fall for kvinner under 40 år, medan den var stabil blant kvinner som har passert 40. Nedgangen er særleg stor for kvinner i alderen 25 til 34 år.

Dette påverkar fruktbarheitstala fordi det er i denne alderen flest kvinner føder barn.

SSB opplyser også at over halvparten av 30-åringar i Norge er barnlause. For ti år sidan var tilsvarande andel 42 prosent.

– Det er difor tvilsamt at dagens kvinner får like mange barn som generasjonane før dei har fått, sjølv om dei kan tenkjast å føde litt fleire barn etter fylte 30 år, seier Andersen.

Fruktbarheitstal

Samla fruktbarheitstal (SFT) er eit mål på kor mange barn kvinner i gjennomsnitt kjem til å få i løpet av livet, gitt at fruktbarheitsmønsteret blir verande likt. SFT blir brukt til å seie noko om fruktbarheitstrenden i samfunnet.

Sidan 2009 har SFT falle kvart år utanom 2021. Då auke det til 1,55 barn per kvinne, frå 1,48 i 2020. I 2022 fall tal igjen til det lågaste som nokon gong er målt i Norge, til 1,41 barn per kvinne.

Oslo er fylket med lågast fruktbarheit. Slik har det vore dei siste åra. I fjor var SFT i Oslo rekordlåge 1,25 barn per kvinne. Fram til i fjor var det lågaste talet for Oslo 1,34, som vart målt i 1983.

Rogaland har den høgste fruktbarheita med 1,57 barn i 2022. Elles var det nedgang i alle fylke.

Nedgangen er ikkje eit særnorskt fenomen. Også Sverige, Danmark og Finland opplever stor nedgang i fødselstala samanlikna med 2021.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.