Ekspertutval har talt

Desentralisering: Eit regjeringsutnemnd ekspertutval vil overføra middel og oppgåver til fylkeskommunane.llustrasjon: Pressemelding

Desentralisering: Eit regjeringsutnemnd ekspertutval vil overføra middel og oppgåver til fylkeskommunane.llustrasjon: Pressemelding

Artikkelen er over 2 år gammel

Eit utval føreslår å gi fylkeskommunane ei rekkje nye oppgåver.

DEL

Eit regjeringsnedsett utval har sett på kva oppgåver som kan overførast frå staten til fylkeskommunane. Bakgrunnen er vedtaket om ei regionreform i 2017.

Forslaga omfattar endringar for ei rekkje statlege etatar, med størsteparten innan næring, innovasjon og forsking, kultur, samferdsel, integrering og barnevern.

Legg ned statlege utval

Forslaget til utvalet, som vart presentert i går, 1. februar, inneber nedlegging av statlege institusjonar som Distriktssentret, Kompetanse Norge, Siva, IMDi og Bufetat.

Mellom anna føreslår dei å overføra ansvar for klima- og miljøoppgåver frå Fylkesmannen.

Leiar i ekspertutvalet for regionreforma, Terje P. Hagen, overleverte rapporten til kommunalminister Monica Mæland (H) torsdag.

Føreslår å overføra 24 milliardar

– Vi foreslår at fylkeskommunen får et betydelig større ansvar for tilskudd og driftsmidler. Totalt overføres 24 milliarder kroner fra staten til fylkeskommunen, sa Hagen ifølgje NRK.

Oppgåvene utvalet føreslår å gi til fylkeskommunane utvidar og kompletterer fagområde der fylkeskommunane alt i dag har eit ansvar. Dette omfattar oppgåver innan næring, innovasjon og forsking, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsel, klima og miljø. Utvalet meiner dette vil leggja til rette for ei styrka samfunnsutvikling i alle deler av landet.

Kommunal- og moderniseringsministeren vil først senda rapporten på offentleg høyring med ein frist på seks veker.

– Oppfølgningen av utvalgets forslag vil vi se i sammenheng med de prosessene vi allerede har gående for å vurdere nye oppgaver til fylkeskommunene, seier Monica Mæland i ei pressemelding.

Næring, klima, miljø og kultur

Mellom anna føreslår utvalet å overføra minst halvparten av midla til Innovasjon Norge og auka fylkeskommunane sin eigardel i Innovasjon Norge til mellom 50 og 66 prosent. Dei vil òg overføra halvparten av midla til næringsretta forsking som i dag ligg til Forskingsrådet.

Og dei vil overføra regionalt næringsprogram, inkludert ansvar for midla til investeringar og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midla). Når det gjeld klima, miljø og naturressursar vil dei overføra artsforvaltning, verneområdeforvaltning, friluftsliv og klima/klimatilpassing. På kulturfeltet er forslaget å overføra alle institusjonar med regionalt nedslagsfelt innanfor musikk, scenekunst og opera som i dag ligg til Kulturdepartementet.

Prosjektmiddel og driftsstøtte til institusjonar og arrangement av lokal eller regional karakter som i dag ligg til Norsk kulturråd, og å overføra fleirtalet av muséa og forvaltning av spelemidlar til kultur og idrett, står det i pressemeldinga.

Folkehelseoppgåver

Utvalet vil overføra folkehelseoppgåvene som i dag ligg til Fylkesmannen, med unntak av oppgåver knytt til tilsyn. Utvalet vil òg overføra barnevernsinstitusjonar og fosterheimar, samt familievernet, som alle ligg i Bufetat i dag.

Artikkeltags