Gå til sidens hovedinnhold

Redningshelikopter henta ned mann frå fjellhylle

Ein jeger sat skårfast på ei fjellhylle nedanfor Vikanuten i Jondal.

Klokka 09 vart politiet varsla om jegeren.

Ifølgje operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, skal mannen vera uskadd.

– Han kjem seg ikkje ned ved eiga hjelp. Det skal vera glatt og han er redd for å skli utfor. Vi skal få han ned, forsikrar operasjonsleiar.

Hovudredningssentralen har send redningshelikopter frå Sola.

Politipatrulje er òg på staden.

Ved 11.30-tida melder Hovudredningssentralen at mannen er løfta trygt ned.

Han er uskadd, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Kommentarer til denne saken