Redningsaksjon i Ullensvang

Båtar i søk. Politi og redningsfolk står på kaien på Indre Jåstad.

Båtar i søk. Politi og redningsfolk står på kaien på Indre Jåstad. Foto:

Ein person funnen i fjorden og frakta til sjukehus

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Redningsaksjonen vart avslutta like før klokka 12 søndag.

Ein 42 år gammal mann vart søndag morgon plukka opp i strandsona ved Velure. Mannen vart sendt til Odda sjukehus, der tilstanden hans er stabil søndag ettermiddag.

- Me har snakka med mannen, og han melder at han var åleine på vannscooteren då han traff eit nes ved Lofthus, seier operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt.

Mannen skal ha vore sjokkskada då dei fann han, kraftig nedkjølt og forslått.

- Det er tatt eit omfattande søk i Sørfjorden, og langs strendene både på Lofthus-sida og ved Velure. Ingen har blitt meldt sakna sjølv om saka har fått merksemd i media, så då har me konkludert med at han var åleine, seier Rebnord.

Stort søk

- Omtrent halv seks fekk politiet og AMK melding at det var funne ein mann i strandkanten på Velure. Han var kraftig nedkjølt og forslått, og klart ikkje gjere greie for seg, seier operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt.

Mannen bar preg av å ha vore i sjøen ei stund.

- Han hadde heldigvis på seg redningsvest då han vart funnen, seier Rebnord.

På bakgrunn av dette tok redningsetatane utgangspunkt i at det kunne ha vore ein båt med fleire personar om bord. Dei iverksette derfor ein større redningsaksjon.

- Det vart funne ein vannscooter på andre sida av fjorden, så det kan sjå ut som det er ein samanheng der. Men me heldt framleis trykket oppe i tilfelle det har vore fleire personar om bord, sa Rebnord søndag morgon.

Då mannen vart sendt til sjukehuset var han ikkje i stand til å fortella kva som hadde skjedd.

Brannvesen, redningshelikopter, politi og helse var til stades i redningsaksjonen.

Dykkarar var sendt frå Os og Bergen. Røde Kors og private båtar bidrog også i søket.

Totalt seks båtar dreiv søk i området.

Artikkeltags