Redningsaksjon i Ullensvang

To menn blei natt til søndag redda ned frå fjellet i Ullensvang kommune.

DEL

— Redningsmannskap har klart å ta seg fram til dei sakna. Begge er vakne og snakkar, med dei er sterkt nedkjølt. Dei to er frakta ned frå fjellet og køyrt til Voss sjukehus, melder Vest politidistrikt klokka 01:52 natt til søndag.

Det var rundt klokka 21 laurdag kveld at politiet melde at dei hadde sett i gang ein redningsaksjon i Ullensvang kommune. To menn hadde fått problem med snøscooteren sin i området mellom Heng og Nipa i Ullensvang. Dei to fekk varsla politiet, som sette i gang redningsaksjonen.

Klokka 21:21 opplyste politiet til HF at dei to er erfarne fjellfolk. Dei skal vere godt kledd og hadde gravd seg ned i ei snøhole. Politiet hadde då ikkje nokon eksakt posisjon på dei to, på grunn av dårleg dekning i området.

Været gjorde redningsaksjonen utfordrande, og då HF snakka med operasjonsleiar Per Algerøy klokka 23:18 sa han at redningsaksjonen ville halde fram utover natta.

Litt før klokka to kunne politiet melde at dei to var funne og frakta til sjukehus.

Artikkeltags