Vegen opnar tidlegast måndag: Klatrelag må inn for å bolta i fjellet

Slik ser det ut på rasstaden tysdag ettermiddag.

Slik ser det ut på rasstaden tysdag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegstrekket på Fv 550 mellom Utne og Odda der det gjekk ras måndag kveld blir verande stengt til over helga.

DEL

– Me var oppe i helikopter saman med geolog. Då såg me at det var sprekkar i løsneområdet, og dei blokkane som sprekkane er i er me nøydt til å bolta, forklarer byggeleiar i Statens vegvesen, Åsmund Sekse til HF.

Følg oppdateringane her.

Dette må gjerast før dei kan starta med opprydding på staden. Derfor blir vegen verande stengt til over helga. Måndag kveld blir det gjort ei ny vurdering.

Rune kom kjørende rett inn i rasområdet: – Det røyk fortsatt av steinene 

– Det er ganske høgt oppe, så me må ha inn klatrelag for å gjennomføra boltinga, seier Sekse.

Prosjektleiar på staden, Ole Svåsand, seier dei førebels ikkje har diskutert med heradet korleis vegstenginga skal løysast.

– No er det sett inn båt, og kommunen vurderer om dei skal ha inn ekstra avgangar utanom dei som no går etter Skyss sine bussruter mellom Odda og Utne, seier han.

Artikkeltags