Det kan bli arbeid i fleire veker på rasstaden

Her gjekk raset måndag kveld.

Her gjekk raset måndag kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Arbeidet på rasstaden mellom Grimo og Utne held fram i helga, og Vegvesenet håpar å opna for manuell dirigering i starten av neste veke.

DEL

Eit klatrelag og ein geolog var oppe i rasstaden og kartla omfanget torsdag.

– No sit me og jobbar med kva sikringstiltak me skal gå i gang med, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Åsmund Sekse.

Parallelt jobbar reinskelaget for fullt med å få ned lause massar og steinar ved Trones der raset gjekk måndag kveld. Vegen har vore stengt heile veka, og held fram å vera stengt til tidlegast måndag kveld.

– Arbeidet held fram i helga. Me skal og gå i gang med boltearbeidet i løsneområdet. I tillegg skal me setta opp ein midlertidig sikringsmur der oppe, seier Sekse.

Rune kom kjørende rett inn i rasområdet: – Det røyk fortsatt av steinene 

Skal sprenga steinar

Han håpar at dei måndag vil kunna starta på oppryddingsarbeidet i vegen. Der er det store steinar som skal sprengast, noko som tar tid, og massane skal transporterast vekk.

– Me har sagt at det kjem ei ny vurdering på opning av vegen måndag kveld eller tysdag. Me håpar at tidlegare estimat held, seier byggeleiaren.

Men vegen vil ikkje bli opna for fullt.

– Det er ein omfattande jobb som må gjerast, og det kan bli arbeid i fleire veker. Klarar me å halda estimata våre, så vil det bli manuell dirigering ein periode framover, seier Sekse.

Båten Tornerose fraktar folk forbi rasstaden, og rutene ligg på heradet sine heimesider.

Artikkeltags