NVE: – Det er stabilt i området

Kommunen var oppe med helikopter for å inspisera rasområdet tysdag ettermiddag.

Kommunen var oppe med helikopter for å inspisera rasområdet tysdag ettermiddag. Foto:

Etter å ha gjort målingar i om lag eit halvt døgn kan NVE melda at det ikkje er meir rørsle i området der steinblokkene losna tysdag.

DEL

NVE monterte tysdag ettermiddag ein radar som har overvaka fjellsida over Freim, der det gjekk eit steinras tysdag føremiddag.

Radaren kan måla rørsler i fjellet ned til millimeternivå, og vakthavande geolog Lene Kristensen seier onsdag til HF at det no har sett på målingane at det er stabilt i området.

– Vi har kontrollert at det ikkje er meir rørsle i fjellet, seier ho.

Odda kommune skriv på sine heimesider at dei med bakgrunn i dette har avslutta lytteposten. Politiet og Odda kommune ser no på situasjonen som normalisert.

Denne radaren frå NVE måler fjellsida over Freim

Denne radaren frå NVE måler fjellsida over Freim Foto:

Artikkeltags