Rådmannen vil bruka éin million på renoveringsplan, men får ikkje ståande applaus frå alle

Raudt vil ha ei avgrensa vurdering av behovet for opprusting av rådhuset i Odda. I staden for 1 million kroner til forprosjekt, føreslår partiet å løyva 300.000 kroner for å greia ut naudsynte tiltak for å sikra godt inneklima og universell tilgang til kinosalen.