Vi ser av HF at Hardanger Lift vil fortsetja arbeidet med å få godkjenning av reguleringsplan for gondol til Rossnos. Dei vil prøva å «imøtekoma eller omgå» Statsforvaltaren sine merknader til planen og dessutan fortsetja «salet» av prosjektet lokalt.

Pådrivarane for Hardanger Lift bør ta alvorleg den sterke motstanden mot prosjektet som har kome fram under framlegginga av reguleringsplanen. Det er slett ikkje berre Statsforvaltaren og berre omsynet til villreinen som talar sterkt imot prosjektet når ein les dei innkomne merknadane.

Dei bør også merka seg det klare fleirtalet som er imot dette prosjektet etter den meiningsmålinga HF nyleg har presentert. Dei ansvarlege for Hardanger Lift bør derfor leggja ned arbeidet med prosjektet og ikkje invitera til meir bruk av ressursar til dette.

I samband med utarbeiding av planprogram og utlegging av reguleringsplan for Hardanger Lift, har det kome fram ca. 100 sterkt kritiske og negative merknader til prosjektet; mange med godt dokumenterte vedlegg om konsekvensar ved ei slik utbygging. Få positive merknader har kome inn.

Her kjem ein oversikt over dei kritiske merknadane som er komne inn, og som viser breidda av motstanden mot prosjektet:

  • Aktive sauebønder på Mannsåker meiner at prosjektet trugar framtida deira med følgjene av planlagt masseturisme i beiteområdet.
  • Grunneigarane i planområdet (Håvås Sameige), er svært imot tiltaket.
  • Dei tilgrensande sameigene (Mosdalen/Sleve, Freimsstølen, Eide, Hildal) er også svært imot tiltaket.
  • Statsforvalteren har fremja motsegn mot reguleringsplanen; med særleg vekt på omsyn til villrein, naturmangfald og landskap.
  • Fylkesadministrasjonen i Vestland Fylke går imot reguleringsplanen stort sett med same grunngjeving som Statsforvalteren.
  • NVE har fremja motsegn mot reguleringsplanen; p.ga. manglande kvalitetssikring av rasfare og tryggleik mot flodbølgje.
  • Statens vegvesen har fleire kritiske merknader til reguleringsplanen; hovudsakleg på dei samla trafikk- og parkeringstilhøva i sentrum.
  • Konsekvensutgreiingane for prosjektet utarbeidd av ulike fagkonsulentar, viser fleire alvorlege konsekvensar:

KU Naturmangfald: Svært stor negativ konsekvens

KU Villrein: Svært stor negativ konsekvens

KU Landskap: Stor negativ konsekvens

KU Kulturmiljø: Stor negativ konsekvens

  • Følgjande naturvern- og friluftsorganisasjonar er sterkt imot prosjektet:

Naturvernforbundet i Hordaland

Norges Miljøvernforbund

Norges Jeger- og Fiskeforbund

FNF, Forum for Norsk Friluftsliv

DNT, Den Norske Turistforening

Bergen og Hordaland Turlag

Odda Jakt- og Fiskelag

Bird-life Norge

Hardangevidda Villreinutvalg

Villreinrådet

Villreinnemnda

Ullensvang og Røldal fjellstyre

Odda grunneigarlag, villreinutvalet

  • 22 husstandar i grenda Hjøllo, Mannsåker og Vasstun går sterkt imot bygging av gondol her. Dei peiker mellom anna på rasfare og forureining av drikkevatn
  • Bebuarar langs Ragdevegen har peika på ulemper ved prosjektet.
  • Ei rekke andre fagpersonar og privatpersonar har også sendt negative uttalar til planen.

Det er ikkje utført noka kvalitetssikring for tal arbeidsplassar og ringverknader for prosjektet. Både Per Øyvind Sævartveit (tidl. direktør ved Odda Smelteverk, SørAL Husnes og TTI) og advokat Christen Winterthun Odda, har gjennom innlegg i HF påvist at det må stillast store spørsmålsteikn ved den påståtte arbeidsplass-effekten ved bygging av gondolen.

Men det verkar som om kommuneleiinga i Ullensvang heilt ukritisk har kjøpt investorane sitt narrativ om kor store ringverknader og medfølgjande befolkningsvekst gondolprosjektet vil føra til, og ikkje har vilje eller evne til å sjå nokon særlege negative konsekvensar ved utbygginga.

Vi er mange som håpar at veljarane ved lokalvalet merkar seg kva parti og kva kandidatar som sterkast og mest ukritisk har gått inn for gondol til Rossnos, og at dei stemmer på parti og kandidatar med eit anna syn i gondolsaka. Det finnst nemleg gode alternativ anna enn å stemma på AP eller Høgre, både på sosialistisk og borgarleg side.

Godt val.