Gå til sidens hovedinnhold

Promillekøyring, ulovleg mobilbruk, forlate køyretøy og ruteknusing

Dette er noko av det politiet har hanskast med i løpet av helga.

For abonnentar

Politiet fekk laurdag melding om mogeleg promillekøyring i nærleiken av Jondal.

– Ein patrulje trefte på den aktuelle bilen, og ein person mistenkt for promillekøyring vart framstilt for blodprøvetaking. Det viste seg også at bilen var utan skilt, opplyser fungerande lensmann i Hardanger lensmannsdistrikt, Øystein Torsnes.

5000,- og tre prikkar

Laurdag kveld gjennomførte Utrykkingspolitiet kontroll av bruk av bilbelte og mobil i Odda sentrum. Ein person fekk førelegg for ulovleg mobilbruk under køyring – eit lovbrot som vert straffa med 5000 kroner og tre prikkar i førarkortet.

Same kveld fekk politiet melding om observasjonar av hovudlykt eller liknande lys på Buarbreen, og ein frykta at lysa var forsøk på å signalisera at nokon var i vanskar. Ein patrulje rykte ut, og fekk konstatert at alt var OK.

Fekk ikkje sova

Ca. 00:45 natt til søndag vart det meldt om støy frå Camp Lothepus.

– Meldinga kom frå nokon som ikkje fekk sova. Ein patrulje reiste ned for å prøva å få dei som støya til å dempa seg. Vi fekk ikkje fleire meldingar etter det, seier Torsnes.

Natt til søndag gjennomførte Utrykkingspolitiet promillekontroll ved Vasstun. Ein person vart her stoppa mistenkt for promillekøyring, og vart teken med til legevakt for blodprøvetaking. Vedkomande fekk også kverrsett førarkortet.

Utrykkingspolitiet kontrollerte også mobilbruk, beltebruk og promille fleire stadar i Odda i løpet av natt til søndag. Det resulterte i to førelegg for ulovleg bruk av mobil under køyring.

Les også

Redningshelikopter henta ned mann frå fjellhylle

Måndag vart politiet varsla om eit forlate køyretøy i Butunnelen.

– Det viste seg å vera ein bil som moglegvis var stolen. Denne var det folk frå Voss nede og henta, seier Torsnes.

Knuste rute hos naboen, så seg sjølv

Måndag morgon var det også meld om knuste ruter i ei blokk på Eide i Odda. Her var det ein bebuar som hadde mista nøkkelen til leilegheita si, og i rusa tilstand prøvde å koma seg inn ved å knusa ei rute.

– Det har vist seg at han tok først feil leilegheit og knuste ei rute hos naboen, før han seinare knuste ei rute i si eiga leilegheit og tok seg inn der. Dette vert ikkje noko politisak, men vert ordna internt mellom bebuar og kommunen, opplyser Torsnes.

Kommentarer til denne saken