I helga er det siste frist for juleposten. Og så må du hugse å hente pakkane dine, oppfordrar Posten.

MANGE PAKKAR: Pressesjef John Eckhoff med ein av dei  om lag fem millionar pakkane som går gjennom Posten og Brings logistikksenter før jul.

MANGE PAKKAR: Pressesjef John Eckhoff med ein av dei om lag fem millionar pakkane som går gjennom Posten og Brings logistikksenter før jul. Foto:

Av

Denne helga må du hugse to ting; det er siste frist for juleposten. Og så må du hugse å hente pakkane dine så raskt som mogleg. Posten har heile 330.217 pakkar som ventar på å bli henta.

DEL

I natt låg det 330.217 pakkar som venta på å bli henta på Posten. Det betyr at julehandelen nærmar seg ein topp, og det er trangt om plassen. Fleire butikkar held ekstra ope denne helgen, og Posten håpar mange hentar pakkane sine.

- Det er meir pakkar no enn det var etter årets Black Friday. Det seier ganske mykje, for då var det fullt. Ikkje vent, men hent, er vår klare oppfordring, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Norge.

Les også: Postens sju julevettregler

Før jul handterer Posten cirka 10 millionar julehelsingar, rundt 40 millionar andre brevsendingar og rundt fire millionar pakkar.

I mange år har 16. desember vore fristen for å sende post som skal rekke fram til jul. Den fristen gjeld også i år.

- Det er veldig mykje som skal fram før jul, så det lønnar seg å vere tidleg ute. Skriv julekorta i helga, pakk inn pakkane og send det av garde, oppfordrar Eckhoff.

Nytt i år er digitale frimerke og at du kan sende juleposten frå di egen postkasse. Viss du ønsker, kan du bestille henting, så tar postbodet med seg posten på si vanlege rute og sender det vidare.

Så mange pakkar ventar på å bli henta:

FylkeAntall pakker
Østfold                           16.517
Akershus             42.495
Oslo                   52.960
Hedmark             9.412
Oppland    9.414
Buskerud            16.294
Vestfold                 14.349
Telemark                   8.384
Aust-Agder            5.698
Vest-Agder                 9.926
Rogaland                       25.814
Hordaland                   33.081
Trøndelag                      30.353
Sogn og Fjordane         6.293
Møre og Romsdal        15.863
Nordland                       15.889
Troms                          11.505
Finnmark                    5.668
Svalbard                    302
Totalt 330.217

Artikkeltags