Gå til sidens hovedinnhold

Positiv koronatest i Eidfjord og éin positiv hurtigtest i tillegg

Det melder Eidfjord kommune på sine heimesider.

Ein bebuar på Eidfjord bygdaheim har testa positivt for Covid-19, skriv Eidfjord kommune.

- Me er i gang med smittesporing og karlegging av nærkontaktar. Nærkontaktar vil verta kontakta av smittesporingsteamet i løpet av kort tid og vil få informasjon om korleis dei skal forhalda seg til karantene eller eventuell ventekarantene.

Bygdaheimen vil inntil vidare verte stengt for besøk.

Om lag klokka 19:00 melder kommunen at dei har fått ein positiv hurtigtest på ein nærkontakt av den smitta.

Det betyr at 20 personar er definert som nærkontaktar, med tilhøyrande hustandsmedlem i ventekarantene.

Det vert arbeidd med vidare smittesporing og testing av bebuarar og tilsette.

- Det er per no ikkje innført lokale tiltak i Eidfjord. Me minnar om at alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret på måndag for å avklara eventuelt behov for testing, skriv dei på heimseida.

Kommentarer til denne saken