Gå til sidens hovedinnhold

Positiv koronatest frå Storbritannia i Ullensvang

Kommunen melder tysdag ettermiddag at endå ein person i kommunen har testa positivt for covid-19. Denne gongen er det snakk om importsmitte frå Storbritannia.

— Personen har milde symptom, og er isolert. Berre ein person er sett i karantene i tillegg, melder ordførar Roald Aga Haug.

Denne personen blir testa. Nærkontaktar i England er òg varsla, melder han.

Det har i Storbritannia blitt avdekka ein mutasjon av koronaviruset, som er meir smittsam enn det vi har sett til no. På grunn av dette har landet innført nye, strenge tiltak. Varianten kan ifølge britiske fagfolk vere 70 prosent meir smittsam enn andre virusvariantar, men er ikkje meir dødeleg.

Det har blitt sett inn fleire tiltak for å hindre at mutasjonen kjem til Noreg. Alle direkteflygingar frå Storbritannia blir stansa i to døgn, alle som kjem frå Storbritannia til Noreg må teste seg for covid-19 innan eit døgn etter innreise, og på nytt minst sju dagar seinare. I tillegg må alle som har kome frå Storbritannia dei siste to vekene teste seg.

Ullensvang kommune melde tysdag morgon om eit anna tilfelle av importsmitte frå kommunen. Det var ikkje frå Storbritannia.

Les også

Nytt koronatilfelle i Ullensvang — tre i karantene

Kommentarer til denne saken