Positiv Covid-19 tilfelle i Ullensvang kommune

Det stadfester ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

DEL

- Ein innbyggar busett i Ullensvang kommune har testa positivt for corona. Det dreier seg om ein «reisesmitta» der innbyggaren seinare ikkje har vore i kontakt med andre enn eiga hushaldning, skriv Aga Haug.

Personen har site i karantene sidan han kom til kommunen. Kommunen opplyser at dei har god oversikt over situasjonen, og nærkontaktar til personen er varsla, vert testa og sett i karantene.

- Den smitta er i isolasjon under trygge høve. Vedkomande har hatt sjukdomssymptom, men har betra helse no, opplyser ordføraren.

Helsetenesta i kommunen følger opp pasienten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken