Svein Buer var på vakt, og fortel til Hardanger Folkeblad måndag morgon at det må ha vore det glatte føret som hadde skuld i uhellet, som skjedde rundt klokka 15:30 søndag.

– Det var ein bil som hadde køyrt utfor på det glatte føret. Vedkomande måtte ha bilbergar for å kome seg på vegen att, seier Buer.

Det var ingen personskade, men noko materiell skade på bilen. Buer opplyser at det ikkje vert oppretta noko sak frå politiet si side.

Vidare gjennomførte UP laserkontroll på Ringøy på rv. 13 i 50-sona.

Der vart det skrive ut ni forenkla førelegg, og høgaste fart var 74 km/t.

– Han var ganske nære å miste lappen, kommenterer Buer.

Elles vart det òg kontrollert rus på førarane, i alt 16 personar. Ingen var påverka.

Kontrollen var mellom klokka 14:30 og 17:00 søndag.