Laurdag kveld gjennomførte patruljen laserkontroll mellom klokka 18:00 og 20:00 i Fresviktunnelen langs rv. 13.

– Der vart det delt ut fire forenkla førelegg for fart. Høgaste fart var 95 km/t, fortel Torsnes.

Det er 80-grense på staden.

Elles vart det gjort kontroll på E134 like vest for Svandalsflonatunnelen. Der òg er det 80-grense.

– Der skreiv patruljen ut fem forenkla førelegg, og høgaste fart var 96 km/t. I tillegg vart det delt ut eitt førelegg på Seljestad til ein førar som køyrde i 96 km/t, seier Torsnes.

Utover dette vart politiet natt til søndag kalla ut på eit redningsoppdrag, der pårørande av ein person melde at vedkomande hadde vore borte fleire timar. Mannskap frå både Hardanger politistasjon, Røde Kors og brannvesenet var med i leiteaksjonen, og personen vart funnen på veg mot Tyssedal.

– Personen hadde slått seg, og måtte innom legevakta, opplyste politioverbetjent Svein Buer til Hardanger Folkeblad søndag.