Politiet har gjennomført fleire trafikkontrollar i Ullensvang dei siste dagane.
Fredag rundt klokka 14 hadde UP fartskontroll i 60-sona på Sekse på rv. 13.
– Der vart det skrive ut sju forenkla førelegg, og høgaste fart var 79 km/t, fortel Malin Henningsen ved Hardanger politistasjon.
Søndag gjennomførte politiet promillekontroll i Odda sentrum. 22 førarar vart kontrollerte, og ingen fekk utslag for alkoholpåverknad.
Òg i morgontimane måndag var ein patrulje ute og kontrollerte promille i trafikken. Kontrollen var i krysset mellom Opheimsgata og Bustetungata, der heile 50 førarar vart kontrollerte.
– Ingen utslag, kommenterer Henningsen.

Les også
Redningsaksjon ved Folgefonna: Hadde slått seg i hovudet

Les også
Politiloggen: Fleire måtte punge ut i trafikken i helga

Les også