Senterpartiet vil ha betre nettilgang for å sikre verdiskaping og busetjing

Veslemøy Olsson og Sara Jordan har tatt i bruk  PC i skolearbeidet.

Veslemøy Olsson og Sara Jordan har tatt i bruk PC i skolearbeidet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Senterpartiet krev betre nettilgang for å sikre verdiskaping og busetjing i heile landet.

DEL

Stortinget har som målsetting at 90 prosent av husstandane i landet skal ha tilgang til nett med 100 mbit/s kapasitet innan 2020. Regjeringa har ikkje følgt opp dette, meiner Senterpartiet, og viser til at dekninga i denne kapasitetsklassa no er 82 prosent.

I ei pressemelding skriv partiet at målet deira er 100 prosent dekning med 30 mbit/s hastigheit, og at ein ikkje kan tillate eit samfunn der ti prosent står utanfor. 30 mbit/s er kravet for å delta i ordninga med statleg stønad.

– For Noreg er det viktig at flest mogleg har nettilgang med høghastigheit fordi fleire og fleire oppgåver må løysast digitalt. At alle får tilgang mogleggjer auka digitalisering og auka deltaking i den digitale fellesskapen. Nettilgang er i dag avgjerande infrastruktur for å sikre verdiskaping og busetjing i heile landet, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken