– Farlege vogntog skal bort frå norske vegar

For å auka tryggleiken på norske vintervegar blir krava til vinterdekk for tunge køyretøy no skjerpa ytterlegare. 
Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

For å auka tryggleiken på norske vintervegar blir krava til vinterdekk for tunge køyretøy no skjerpa ytterlegare. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK Foto:

Av

Å sikra at tunge køyretøy som køyrer på norske vegar er godt skodde for vinteren har i fleire år vore viktig for regjeringa. No blir krava skjerpa ytterlegare.

DEL

– Farlege vogntog skal bort frå norske vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Sidan 2014 har det vore påbode med vinterdekk på alle akslar for tunge køyretøy som køyrer på norske vintervegar.

No har samferdselsministeren bede Vegdirektoratet vurdera å stramma inn kravet til vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare etter mønster frå Tyskland. Der er det berre dekk som er merkte med såkalla «alpesymbol» som er godkjent, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

I Tyskland er det påbode å bruka slike vinterdekk på drivande og styrande akslar. Her i landet skal det vurderast om alpesymbolet på vinterdekk bør utvidast til gjelda alle hjul på tunge køyretøy, inkludert hjula på tilhengjar.

Artikkeltags