Utsette avgjerda eitt år

Kompromissa: Ordførar Solfrid Borge trekte sitt framlegg til fordel for fellesframlegget frå Ap,SV, V og H som Trond Instebø ar fram.

Kompromissa: Ordførar Solfrid Borge trekte sitt framlegg til fordel for fellesframlegget frå Ap,SV, V og H som Trond Instebø ar fram.

Artikkelen er over 2 år gammel

Eit samrøystes heradsstyre valde å utsetta spørsmålet om å endra skulestruktur på Vestsida. Dei vil fyrst ha kvalitetssikra utgreiingar for konsekvensane på bordet.

DEL

Formannskapet sitt fleirtalsvedtak og rådmannen sitt framlegg om å slå saman skulekrinsane og flytta Vikebygd-elevane til Hauso vart dermed utsett i eitt år.

Trond Instebø (Ap) målbar eit felles framlegg frå Ap, Venstre, SV og Høgre (subsidiært) som fekk samrøystes tilslutnad.

Men det var etter at eit framlegg frå Høgre som primært går for ny felles skule på Aga, vart nedstemt mot seks røyster (3 Høgre, 2 Venstre, 1 Sp) – og ordførar Solfrid Borge (Sp) trekte sitt framlegg.

Ho var fyrst på talarstolen og kom med eit liknande framlegg som det den andre fraksjonen målbar.

– Me må ta standpunkt i lag med innbyggarane, sa ho mellom anna.

Beiskt og bittert

– Det er ein beisk og bitter medisin rådmannen har skrive ut for Ullensvang. Ein smak og medisin som er vanskeleg å svelga og vanskeleg å godta, sa Trond Instebø som har vore med å skriva ut den medisinen for Sekse og Vines tidlegare.

– Tidspunktet motarbeider samanslåing, ein legg ikkje ned nok ein skule som del av budsjettprosess, sa han og peika på at Hauso per no ikkje er disponert for å ta imot Vikebygd-elevane og at spørsmål om mellom anna SFO og etterbruk ikkje er avklara.

Petter Sexe Ulriksen (V) viste til den tidvis opprivande prosessen rundt nedlegging av Sekse skule, og var redd ein ikkje har teke lærdom. Han snakka varmt for desentraliserte tilbod og grendeskulens verdi i eit lokalsamfunn.

Kåre Grønsnes (SV) sa at det burde vore greidd ut om Vikebygd kunne vera barneskule for heile Vestsida og Hauso ungdomsskule om hovudmålet er å spara pengar. En felles skule på Aga burde og vore greidd ut, sa han.

Ingvild Hauso (Sp) var oppteken av at prosessen med naudsynt oppgradering på Hauso ikkje stoppar opp. Ho viste og til vedtak i Ungdomsrådet, der fleirtalet går for rådmannen si innstilling.

– Det hadde ikkje vore nokon sak om me var dobbelt så mange innbyggarar og dobbelt så mange ungar, sa Gunnhild Jaastad (Sp) og viste til at det berre er åtte elevar som er innmeldt til skulestart på Vestsida neste skuleår – fordelt på Hauso og Vikebygd.

Ho var den einaste representanten som tok til orde for å ta diskusjonen om skulestruktur på Vestsida no, men resignerte og bidrog til eit samrøystes vedtak om å utsette spørsmålet eitt år.

Det er sett av midlar på budsjettet for 2017 til forprosjekt.

Artikkeltags