Ap vil ha handlingsplan for å ruste landbruket mot ekstremvêr

Av

Arbeidarpartiet meiner regjeringa gjer for lite for å ruste landbruket mot ekstremvêr og vil ha ein handlingsplan allereie til våren, ifølgje Nationen.

DEL

– Vi må kjempe imot klimaendringane, men vi må også tilpasse oss dei. Denne sommaren og hausten viser utfordringane både med mangel på vatn, og for mykje vatn, seier partileiar Jonas Gahr Støre (Ap) til avisa.

Partiet vil ha med Stortinget på at regjeringa seinast første halvår 2019 skal legge fram ein plan for klimatilpassingar av landbruket. Her er målet å halde oppe og forsterke sjølvforsyningsgraden av jordbruksprodukt i møte med klimaendringar.

Støre meiner regjeringa er for passiv, og ønsker fortgang i arbeidet.

Ap legg fram fleire konkrete tiltak, blant dei verkemiddel for drenering, profilering av jord, forsterke utvidinga av vassløp og gjere dei meir føreseielege.

Partiet foreslår også å auke den norske kornproduksjonen, i tillegg til at beredskapen skal styrkjast med tørking og lagring av korn på dei enkelte bruka.

Når det gjeld betaling, seier Aps landbrukspolitisk talsperson Nils Kristen Sandtrøen at dette må vere eit spleiselag, «som sørgjer for at vi klarer å nå dei nasjonale målsettingane for matproduksjon»

Artikkeltags