Brann og knust spegel

Illustrasjonsfoto av brannbil Ullensvang.

Illustrasjonsfoto av brannbil Ullensvang. Foto:

DEL

I 17-tida tysdag fekk politiet melding om brann i Ullensvangvegen mellom Børve og Hovland. Brannvesenet var på staden då politiet fekk meldinga.

Meldar slukka brannen sjølv, og var aleine. Det var ingen dramatikk, opplyser Bodil Svoldal Nakkerud.

Politiet skal etterforske saka, og opplyser at det ser ut til at det har tatt fyr i nokre sofaputer. Varmen har så ført til at ei varmepumpe smelta.

Etterpå fekk politiet melding om at eit vogntog knuste spegelen på brannbilen som var parkert mellom Hovland og Børve medan han kjørte forbi. Vogntoget vart stoppa i Tyssedal av politiet.

Artikkeltags