Tok seg inn i bustad og fann nøklar

POLITI: Illustrasjonsfoto

POLITI: Illustrasjonsfoto Foto:

Politiet ser tjuveriet i samanheng med den stolne bilen frå Oslo som vart funnen i Eidfjord tysdag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Biltjuvar i Eidfjord Ein svart Subaru Forester er sakna frå Eidfjord etter at nokon tok seg inn i ein bustad, fann bilnøklane, og stakk av med bilen. Tjuveriet vart oppdaga tysdag kveld, men kan ha skjedd natt til tysdag eller på dagtid.

Etterforskingsleiar ved Hardanger lensmannsdistrikt, Per Helge Sekse, seier dette kan sjåast i samanheng med at det natt til tysdag vart oppdaga ein bil i vegkanten i Eidfjord, som var stolen i Oslo måndag.

Det kan altså vera snakk om dei same biltjuvane, som har reist vidare med «ny» bil.

– Dersom nokon har observert bilen eller har andre opplysningar, kan dei ta kontakt med politiet, oppfordrar Sekse.

Bilen frå Oslo vart taua inn måndag, og det er gjort undersøkingar for å sjå etter spor. Sekse fortel at det vil nok ta ei stund før dei får svar på DNA-prøvar og liknande frå bilen.

Artikkeltags