Politiet på geocaching

Røldal 17. oktober 2015.

Røldal 17. oktober 2015. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det er ikkje alltid alt er som det ser ut.

DEL

Laurdag reagerte nokon på at andre sin oppførsel i Røldal, og kontakta politiet.

– Folk reagerer på at andre svirrar rundt, og trur dei gøymer narkotika, fortel politibetjent Ingve Hesjedal.

Då politiet kom til staden oppdaga dei at det var snakk om geocaching, som kan samanliknast med orientering. Ein leitar etter postar med GPS i staden for kart og kompass, og Hesjedal kan difor ikkje røpa nøyaktig kvar politiet var.