Politiet ønsker opplysningar etter fleire butikktjuveri

Etter fleire tjuveri frå butikkar i Odda den siste tida, er politiet no på utkikk etter eit par, som dei trur kan ha noko med tjuveria å gjere.

DEL

— Det er snakk om eit vakse par, som kanskje kan vere frå Italia. Dersom folk har opplysningar om kven dette kan vere, så ønsker vi at dei tar kontakt, seier Svein Buer ved Hardanger lensmannskontor.

Han fortel at det dei siste to vekene har vore ein del tjuveri frå butikkar i Odda.

— Det er litt ulike tjuveri, men handlar om ein del verdiar. Det er snakk om opp til fleire tusen kroner frå enkelte butikkar, seier Buer.

Artikkeltags