Tysdag tok ein patrulje frå Hardanger lensmannsdistrikt skilta av ein lett motorsykkel i Odda sentrum.

Årsaka var at skilta var plassert slik at dei nesten ikkje var moglege å sjå.

Etterforskingsleiar Paul Henriksen opplyser at skiltet var skrudd og bøygd, og at plasseringa var ulovleg.