Gå til sidens hovedinnhold

Politiet fekk ikkje tak i førar som stakk av

I går ettermiddag melde Hardanger Folkeblad at eit køyretøy stakk av frå kontroll på Seljestad

Det var Statens vegvesen som gjennomførte kontrollen, der dei mellom anna hadde scanning av skilt for å avdekke kravsmål på køyretøya.

Ein bil som vart tatt ut i den forbindelse stakk av frå kontrollen, etter at vegvesenet fekk førarkortet til føraren.

Han vert no meld til politiet for høvet.

– Bil og førar vart ikkje funnen i løpet av dagen, og me veit ikkje kor han er, men me har ID på førar, opplyser politioverbetjent Svein Buer ved Hardanger lenmannskontor onsdag morgon.

Han fortel vidare at føraren kan vente seg eit saftig førelegg, og kanskje inndraging av førarkortet.

Les også

Sjåfør stakk av frå kontroll og førarkortet sitt

Kommentarer til denne saken