Politiet ber om tips etter innbrot

Politiet har fått inn ei anmelding om innbrot i ein fritidsbustad i Røldal.

DEL

Det skriv politiet i Hardanger på si Facebook-side.

Innbrotet skal ha skjedd frå ein fritidsbustad i Røldal/Håradalen ein gong i mars eller april i år.

— Det er tatt skiutstyr og verktøy, skriv politiet.

Dei ber om at folk kontaktar dei dersom dei har tips, eller kjenner til fleire som har vore utsett for innbrot.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken