Politiet åtvarar mot organisert dekktjuveri

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vest politidistrikt har fått inn meldingar om 25 tjuveri av dekk og felgar i oktober, og oppmodar alle til å passe ekstra godt på. Konkrete tips er å ha på utelys og å låse garasjen.

DEL

– Mange tjuveri har skjedd i området rundt Bergen, men også andre stader i Hordaland, noko som kan tyde på at det er mobile vinningskriminelle, skriv Politiets nettpatrulje Vest på Facebook. Saka står omtalt hos NRK.

Tjuvane har tatt seg inn i garasjar, buer, loft og kjellarar, og stole dekk for tusenvis av kroner. Torsdag vart to menn arresterte og sit varetektsfengsla i Bergen. Vest politidistrikt oppmodar likevel folk til å passe på, og rår folk til å ha på eit ekstra utelys og å låse garasjen.

Politiet ber òg folk som skal kjøpe nye dekk om å vere spesielt merksame viss prisane på slike varer eller tenester er mykje billigare enn det som er vanleg.

– Be alltid om kvittering og betal gjerne med bankkort, då dette gjer det vanskelegare å drive med svart arbeid, skriv Politiets nettpatrulje Vest på deira Facebookside.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken