Fleire kontrollar i helga: Mange køyrer for fort i 50-sona

Laserkontroll: Illustrasjonsfoto Foto: Kristin Eide
Politiet sjekka fart i Røldal og promille i Odda.
Fredag hadde UP ein laserkontroll i 50-sona i Røldal mellom klokka 11 og klokka 15.
– Der vart det gitt ut 37 førelegg, og gjort eit førarkortbeslag, fortel lensmann Terje Kvalvik.
Høgaste fart under kontrollen var 77 kilometer i timen.
Laurdag var UP igjen på plass i 50-sona i Røldal. Då gav dei 11 forenkla førelegg, og høgste fart var 74 kilometer i timen.
Laurdag morgon gjennomførte politiet ein promillekontroll i Odda sentrum. Dei kontrollerte 113 førarar, men fekk ingen utslag.
Kontrollen vart gjenteke søndag morgon, med 68 kontrollerte. I denne kontrollen var det eitt utslag av lågpromille, og sjåføren måtte venta før han fekk køyra vidare.