Fire mista førarkortet i Røldal

UP hadde kontroll søndag ettermiddag.

DEL

Vest politidistrikt melder at UP hadde fartskontroll i Røldal søndag.

- Der vart det skrive ut 32 førelegg for fart, og eit forenkla førelegg for bruk av mobil, skriv dei.

I tillegg vart to melde og mista førarkortet for fart. To andre mista førarkortetfor prikkbelasting.

- Høgaste fart var 93 kilometer i timen i 60-sona, melder politiet.

Artikkeltags