Førar av vannscooter sikta for promillekøyring

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Vart funnen forslått og nedkjølt i strandsona søndag.

DEL

- Scooterføraren er ikkje alvorleg skada, og det ser ut til at det går bra med han. Han er sikta for promillekøyring til sjøs, seier etterforskingsleiar ved Hardanger lensmannskontor, Per Helge Sekse.

Føraren, ein 42 år gammal mann, fekk automatisk status som sikta etter at det vart tatt blodprøve av han på sjukehuset.

Mannen vart søndag morgon plukka opp i strandsona ved Velure i Ullensvang. Han var forslått, nedkjølt, og ikkje i stand til å forklara kva som hadde skjedd. Det vart derfor sett i gang ein større aksjon då det kunne vera snakk om ein båt med fleire passasjerar.

Brannvesen, redningshelikopter, politi og helse var til stades i redningsaksjonen.

Dykkarar var sendt frå Os og Bergen. Røde Kors og private båtar bidrog også i søket.

Seinare vart det funne ein vannscooter i nærleiken av Lofthus, og etter å ha snakka med mannen på sjukehuset, konkluderte politiet med at den tilhøyrde mannen. Scooteren var delvis knust.

Artikkeltags