MC-førar var forslått og knakk kragebeinet

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein motorsyklist køyrde inn i ein bil i Røldal fredag ettermiddag.

DEL

Det meldte politiet i Hardanger.

- Det var snakk om ein 49 år gammal mann som køyrde inn i ein bil bakifrå, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Jan-Tore Heggholmen laurdag føremiddag.

Ulykka skal ha skjedd i Håradalen. Mannen vart køyrd til sjukehus.

Brannvesenet i Røldal var dei første til å komme til staden etter ulykka.

Vegtrafikksentralen Vest meldte på Twitter at det var redusert framkommelegheit på staden grunna ulykka. 14:10 meldte dei at vegen var open for trafikk.

Tips Oss
TIPS: Send e-post , SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470, Telefon: 53 65 06 00

Artikkeltags