Gå til sidens hovedinnhold

Mann (18) sparka og banka i vindauge og dører

Artikkelen er over 3 år gammel

Han blir meld for ordensforstyrring.

Like før midnatt torsdag kveld skal ein mann på 18 år ha sparka og banka i vindauge og dører på ei adresse i Odda, i rusa tilstand. Det melder Vest politidistrikt på Twitter. Mannen blir meld for ordensforstyrringar.

– Det var også hyl og skrik utanfor same stad, skriv politiet.

Patruljen rykte ut, og fekk kontakt med han. Han blei ikkje arrestert.

Kommentarer til denne saken