Etterlyser tips: - All informasjon er interessant for oss

Foto:

Politiet har oppretta sak på dei knuste kuplane langs elvestien, og vil gjerne ha tips dersom nokon har sett noko.

DEL

– Vi er veldig interesserte i tips og observasjonar. All informasjon er interessant for oss, seier lensmann Terje Kvalvik.

Politiet har no oppretta sak, etter at ei rekke kuplane på lysmastene langs elvepromenaden ved Opo vart utsett for hærverk, truleg natt til laurdag.

– Vi vil gjerne få oppklart den saka, seier Kvalvik.

HF fekk tips om hærverket laurdag, då ein turgåar hadde observert minst 15 knuste kupler på strekningen mellom brua nede ved Shell og Skalltaket.

Ordførar Roald Aga Haug tok turen same dag for å observera hærverket.

Han kallar det både trist og provoserande. Aga Haug viser til at Odda Energi og andre aktørar har lagt mykje arbeid ned i forskjønninga av elvebreidda.

Artikkeltags