Framleis ingen spor etter sakna kvinne

Røde Kors søker no med båt langs fjorden frå Odda til Aga.

Røde Kors søker no med båt langs fjorden frå Odda til Aga. Foto:

Det er gjort søk i dei aktuelle områda på land. Politiet jobbar aktivt med etterforsking av saka.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Klokka 23.30 søndag kveld vart det sett i gong søk etter Roxana Ionela Frette i Odda. Røde Kors og Norske Redningshunder var med politiet i søket, som varte fram til om lag klokka halv fem i natt.

Røde Kors søkte måndag med båt langs fjorden.

– Status no er at det ikkje er nokre nye opplysningar. Det er ikkje gjort funn, og det er ikkje folk ute og leiter aktivt no. Vi har leita i dei aktuelle områda på land, så det som er aktuelt no er å ettergå dei opplysningane vi har, seier etterforskingsleiar Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannskontor.

Politiet vil prøva å finna opplysningar som kan seia noko om kor ein bør leita etter den sakna kvinna, som sist var observert fredag 14. juli mellom kl. 22–2230 i Odda.

Politiet har gått ut med følgande klede:

  • Rosa t-skjorte/genser,
  • mørk jakke,
  • blå dongeribukse.

Tips i saka kan rettast til politiet på telefon: 02800.

– Vi er framleis absolutt interessert i opplysningar frå publikum. Får vi konkrete tips så vil vi gå i gang med søk att, seier Sekse.

– På land er vi avhengige av opplysningar. Vi kan heller ikkje utelukka at personen har flytta seg frå Odda, seier han.

Like før klokka 15 måndag har politiet ingen nye konkrete opplysningar i saka.

Artikkeltags