Offentleg urinering og promillekontroll

Her er eit utdrag frå politiloggen i helga.

DEL

Politi-helga: Politibetjent Ingvild Bergsbakken fortel at dei fredag hadde ein patrulje ute saman med kystvakta, fordi dei hadde fått tips om ulovlege hummarteiner i Sørfjorden.

– Dei søkte i ulike område i fjorden, men det vart ikkje gjort noko funn av verken ulovlege hummar- eller krabbeteiner, seier ho.

Laurdag hadde politiet fått melding om ein utanlandsk varebil som køyrde rundt i Sunndal-området.

– Den var me ute og kontrollerte, det viste seg å vera turistar som hadde gått til Trolltunga, opplyser Bergsbakken.

Natt til søndag var det promillekontroll på Vasstun. Politiet kontrollerte sju førarar, ingen av dei hadde promille.

Same natt vart ein person meld for offentleg urinering ved Shell-stasjonen i Odda.

Artikkeltags