Planlegg massetesting i Ullensvang

128 er testa for covid-19 i Ullensvang, men ingen har så langt testa positivt.

128 er testa for covid-19 i Ullensvang, men ingen har så langt testa positivt. Foto:

Det er utført 128 covid-testar i Ullensvang kommune, men framleis har ingen testa positivt. No har kommunen starta planlegging for massetesting.

DEL

I helga kunne smittevernoverlege Steinar Jacobsen konstatera at Ullensvang er den mest folkerike kommunen der det enno ikkje har påvist smitte.

- Så får vi sjå korleis det blir når vi snart skal testa 20 ganger så mange, uttala Jacobsen.

Framleis er det altså ikkje påvist smitte etter at det har kome svar på ti nye testar etter helga, går det fram i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

- Vi får ein del førespurnader om testing av symptomfrie personer. Tar du testen for tidleg til at viruset har fått utvikla seg, eller du har blitt frisk, vil det ikkje vera virus til stade som kan finnast i prøven. Testen vil då vera negativ men gir ingen garanti for at personen ikkje utviklar symptom på eit seinare tidspunkt, opplyser kommunen i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken