Tour of Norway er eit av Skandinavias største sykkelritt for herrar. Forgjengaren Tour des Fjords har vore innom regionen fleire gongar.

HF har tidlegare skrive at sykkelrittet i haust søkte Vestland fylkeskommune om 500 000 kroner i støtte til 2020-utgåva av rittet. Den skal etter planen ha tre etappar i Vestland. Inkludert målgang i Kinsarvik/Ullensvang på første etappe.

Tysdag avslørte rittsjefen Roy Hegreberg til TV 2 at pengemangel kan føre til avlysing av 2020-utgåva.

– Vi veit kva som krevst, og per i dag har vi ikkje dekning for å kunne gjere det i 2020. Med dei signala vi har fått så langt, så ser vi at det ikkje kjem til å løyse seg. Då ser vi det som meir rett å avlyse 2020 og starte å fokusere mot 2021.