– Alle folkehøgskular bør sjå undervisninga i eit generasjonsperspektiv. Eldre menneske ønskjer å læra, og kan i tillegg gjer miljøet rikare med livserfaringa si, seier generalsekretær Harald Olimb Norman i Pensjonistforbundet til NRK.

Han peikar på at det i dag er få stader generasjonane møtest på tvers av alder og meiner folkehøgskulane er ein plass som er godt eigna til dette.

Dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, Christian Tynning Bjørnø, helsar forslaget velkomme.

– Ingenting er betre enn at det også er seniorar blant elevane, seier han. Samtidig strekar han under at det er folkehøgskulane sjølve som bestemmer kva elevar dei vel å ta inn.

Av dei 7.801 elevane som i fjor gjekk på folkehøgskule, var det ifylgje NRK berre 33 elevar i aldersgruppa eldre enn 50 år.