Gå til sidens hovedinnhold

Påvist smitte ved skule

Det vart påvist to smittetilfelle i Eidfjord kommune, fredag 7. januar. Den eine smitta er elev ved Lægreid skule.

«Det er sett i verk nødvendig smittesporing og planlagde tiltak ut frå dette», skriv Eidfjord kommune i ei pressemelding.

Eidfjord kommune og Lægreid skule oppmodar alle om å ha godt smittevern, halda avstand, ha god hoste- og handhygiene og halda seg heime ved sjukdom.

Føresette på Lægreid skule vert bedne om å halde seg oppdatert på kommunen si heimeside og sjekka Visma-meldingar frå skulen.

Kommentarer til denne saken