Gå til sidens hovedinnhold

Påskestemning på Lofthus: Fyrste opningsdag for to i nyoppussa lokale. Fløy innvigde nytt tak over uteservering og Ekspedisjonen selde drikkevarer til å ta med heim

I Sjoarvegen og sentrum av Lofthus sat praten og latter laust på laurdag. Mange smilande auge over munnbind og masker var å sjå. Trass i strenge smittevernreglar var det mogleg å invitera to og to inn om gongen. Palmehelga vart det nye taket over uteserveringa til Fløy bakeri innvigd med open kafé og sitjeplassar ute. Samtidig markerte damene bak Handverksgarasjen fyrste opningsdag av sin nye faste utsalsstad i Sjoarvegen. Lofthus Ekspedisjon hadde utsal og ikkje minst- Solbjørg (79) og Lars (81) opna døra for sitt nye kjellarlokale. Også Ullensvang Gjesteheim, gjenbruksstova og Kompaen hadde ope i palmehelga. NB. Alle bilete av personar i denne bildeserien som står saman med andre utan munnbind på, høyrer til same kohort.